Morteratschbreen
Morteratschbreen (retoromansk Vadret da Morteratsch) er den største isbreen i Berninafjella i Bündner-Alpane i Sveits.
Morteratschbreen | |||
isbre | |||
Breane Morteratsch (høgre) og Pers (venstre), 2005
| |||
Område | Berninafjella i Sveits | ||
---|---|---|---|
Type | Dalbre | ||
Areal | 16 km² | ||
Lengd | 7 km | ||
Endepunkt | morene | ||
Status | I tilbaketrekking | ||
Koordinatar | 46°24′34″N 9°55′54″E / 46.40944°N 9.93167°E | ||
Morteratschbreen 46°24′34″N 9°55′54″E / 46.409444444444°N 9.9316666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Morteratsch Glacier |
Han er, like etter Pasterzebreen og Gepatschferner, den tredje største og etter volum (1,2 km³) den mest massive breen i Dei austlege Alpane. Morteratschbreen er ein typisk dalbre med ein markant isfront. Akkumlasjonssonen ligg mellom toppane Piz Morteratsch, Piz Bernina, Crast' Agüzza, Piz Argient, Piz Zupò og Bellavista. Frå Piz Argient til iskanten i Val Morteratsch er den horisontale lengda kring 7 km, med ein høgdeskilnad på opp mot 2000 meter. I lag med Persbreen, som spring ut frå Piz Palü, og som møter Morteratsch like nedanfor steinformasjonen Isla Persa («Den tapte øya»), dekkjer breen eit areal på kring 16 km². Smeltevatnet frå Morteratschbreen vert drenert via Inn og Donau og ut i Svartehavet.
Det har vore årlege lengdemålingar av breen sidan 1878. For perioden fram til 1998 hadde breen trekt seg attende 1,8 km og i snitt om lag 17,2 meter per år. Frå 1999 til 2005 har breen trekt seg attende med 30 meter i året.[1]
I løpet av måleperioden er det berre fire år der har isbreen rykt fram.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Morteratsch Glacier» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «breens online: Morteratsch». Glaciers online. Henta 18 January 2007.