Moskenesøya
Moskenesøya er den ytste av dei vegfaste øyane i Lofoten. Øya har eit areal på 186 km². Den nordaustlegaste delen av øya høyrer til Flakstad kommune, medan resten høyrer til Moskenes kommune.
Moskenesøya | |
---|---|
Reine | |
Geografi | |
Stad | Nord-Noreg |
Koordinatar | 67°59′N 13°00′E / 67.983°N 13.000°E |
Øygruppe | Lofoten
|
Areal | 186 km²
|
Høgaste punkt | Hermannsdalstinden (1029 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland |
Største busetnad | Sørvågen (463 innb.)
|
Moskenesøya er ei bratt og fjellendt øy. Det høgaste punktet på øya er Hermannsdalstinden på 1029 moh. Busetjingane på øya ligg på sør- og austsida. I Moskenes ligg fiskeværa Å, Sørvågen, Reine og Hamnøy. På Flakstad-delen av øya ligg Mølnarodden og Fredvang. Nord- og vestsida av øya er ikkje busett, men det finst fleire flate viker mellom fjella på yttersida.
Aust for Moskenesøya ligg Flakstadøya, som utgjer den største delen av Flakstad kommune. Sørvest for Moskenesøya ligg Moskenstraumen, Mosken, Værøy og øyane på Røst.
Fredvang på Moskenesøya er knytt til Flakstadøya med to bruer (Fredvangbruene) og fylkesveg. Kåkern bru fører Europaveg 10 frå Flakstadøya til Moskenes. Vegen kryssar Reinefjorden på tre bruer og ender på Å. Frå staden Moskenes er det ferjesamband til Bodø, Værøy og Røst.
-
Moskenesøya
-
Sørvågen
-
Å i Lofoten
-
Reine
-
Sakrisøy
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moskenesøya» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.