Moskvafreden
Moskvafreden vart underteikna den 12. mars 1940 mellom Finland og Sovjetunionen. Freden trådde i kraft den 13. mars og avslutta vinterkrigen.
Fredsvilkåra
endreFinland var tvinga til å godta harde fredsvilkår; krigen hadde tappa den finske arméen for ressursar, og det var fare for eit fullstendig sovjetisk gjennombrot. Sovjetunionen var likevel villig til å slutte fred, for ikkje å risikere å hamne i krig med Storbritannia og Frankrike, som begge hadde signalisert støtte til Finland.
Sovjetunionen var likevel slik stilt at dei kunne diktere fredsvilkåra etter måten fritt. Finland måtte avstå om lag 35 000 km² land, og meir enn 400 000 karelar og andre fordrivne flyktningar måtte finne ny bustad i Finland.
Finland måtte avstå
- Karelska näset (med byane Viborg og Kexholm)
- Ladoga-Karelen (med byen Sordavala)
- Delar av Salla og Kuusamo
- Finlands del av Fiskarhalvøya i Petsamo
- Dei ytste øyane i Finskebukta: Hogland, Tytterskär, Lövskär og Seitskär
Fredsavtalen kravde vidare at
- Finland skulle leige ut odden Hangö til Sovjetunionen som flåtebase i 30 år
- Finland skulle yte erstatning for maskiner og anna som dei evakuerte hadde teke med frå Karelen
- Finland ikkje skulle alliere seg mot Sovjetunionen
Finnane kalla snart Moskvafreden for «mellomfreden». Revansjelysten var sterk i mange grupper. Etter det tyske åtaket på Noreg i april 1940 vart nordområda endå viktigare strategisk, og Finland og Tyskland kom til å stå på same side mot Sovjetunionen i den finske framhaldskrigen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Moskvafreden (1940)» frå Wikipedia på svensk, den 20. oktober 2008.