Moss Glassverk var eit glasverk som produserte glasemballasje som flasker og konservglas i Moss frå 1898 til 1999.

Selskapet vart stifta 18. januar 1898 som AS Moss Glasværk, seinare skifta det namn til Moss Glassverk AS. Produksjonen vart starta opp med ein smelteomn 22. desember same år. Det var då 32 glasblåsarar og heilt manuell produksjon. Etterkvart ekspanderte drifta og i 1907 hadde verket to smelteomnar og 65 glasblåsarar.

I 1913 kjøpte ein inn den fyrste flaskeblåsemaskina til Moss Glassverk. Like etterpå fusjonerte Laurvig Glasværk med Moss Glassverk, og seinare på året går også Bergens Glasværk med i samansluttninga. Produksjonen ved Laurvig Glasværk vart nedlagt i 1926, året etterpå må også Bergens Glasværk legge ned, og då var Moss Glasværk vorte den einaste produsenten av glasemballasje i Noreg.

20-talet byrja dei også produksjon av konserveglas og medisinflasker. På slutten av 30-talet produserte Moss Glassverk 20 millionar einingar i året. I 1972 var produksjonen oppe i 187 millionar einingar i året.

I 1954 fekk glasverket eige varemerke, MG.

I 1999 vart drifta ved Moss Glassverk lagt ned. Bygningane til Moss Glassverk er no rivne og det er bygd bustadar der.

Edvard Munch endre

I 1913-1917 leigde Edvard Munch hovudbygninga på Grimsrød gård på Jeløya. Moss glasværk låg like Grimsrød gård.[1] Eit av hans mest kjente måleri frå Jeløya er Arbeidere på hjemvei syner arbeidarar ved Moss glasværk på veg heim. Seinare laga han ein akvarell av same motivet.

Kjelder endre

Referansar endre