Mossbank i Skottland

Mossbank er ein landsby på norddelen av MainlandShetland. Han ligg sør for Yell Sound, mellom Mainland og øya Yell.

Mossbank
landsby
Land  Storbritannia
Region Skottland
Kart
Mossbank i Skottland
60°27′26″N 1°11′02″W / 60.4572°N 1.18375°W / 60.4572; -1.18375
Wikimedia Commons: Mossbank, Shetland Islands
Mossbank

Byen ligg i Delting parish i nærleiken av oljeterminalen Sullom Voe Oil Terminal, som blei opført i 1970-åra. Terminalen var medverkande til at folketalet i byen steig frå 130 innbygjarar i 1971 til ca. 1 000 i 1982. Frå kring 1991 stabiliserte det seg til ca. 500 innbyggjarar.

Før i tida var det fejesamband hit frå Lerwick, fram til den nye fejehamna Toft, nord for byen, blei bygga i 1951.

Mossbank har skule, ungdomsklubb, fotballklubb, idrettshall, supermarknader, frisør, bensinstasjon, pub, hotelø og kyrkjelokale for fire ulike kyrkjesamfunn.

Minnesmerket Delting Disaster er sett opp for 22 fiskarar frå området i fire båtar som omkom den 22. desember 1900 omkom i samband med ein kraftig storm.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Mossbank i Skottland
  • Mossbank ved Undiscovered Scotland (engelsk)

60°23′6″N 1°21′34″W / 60.38500°N 1.35944°W / 60.38500; -1.35944