Motvind
Motvind Norge er ein norsk organisasjon som kjempar mot vindkraftutbygging i Noreg. Organisasjonen «ønskjer å hjelpe huseigarar og grunneigarar som føler seg overkøyrde av vindkraftutbyggjarane, om så med rettslege steg.»[1]
Organisasjonen vart skipa med eit landsmøte på Frøya 16. november 2019, som ei samanslutning av lokale aksjonsgrupper.[2][3] Ved årsskiftet 2019–2020 hadde organisasjonen, i følgje seg sjølv, 8000 registrerte medlemmer.
Rune Haaland vart tilsett som første generalsekretær i organisasjonen.[4] Organisasjonen omtalar vindkraftprosjekt «som eit overgrep på natur, miljø og lokalsamfunn, og brot på rettsoppfatninga til folk.»[2]
Under koronapandemien i 2020 markerte Motvind Norge seg ved Buheii i Kvinesdal ved å sperre fylkesveg 465 med vaktpost og kjetting.[5] Politiet greip inn og ein person vart bøtelagd.[6]
I mai 2020 vart utbygginga av eit vindkraftverk i Noreg for første gong prøvd i retten. Saka var mellom Motvind Norge og Vardafjellet vindkraft, og Motvind Norge ønskte å stoppe utbygginga gjennom ei mellombels ordning.[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Motvind Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 12. mai 2020.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: