Fylkesveg 465
465
Strekning
Kjørrefjord i Farsund – Risnes i Kvinesdal
Fylkesveg 465
Informasjon
Lengd 83,9 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 465
Sjå òg Fylkesveg 465 (fleirtyding)

Fylkesveg 465 (Fv465) går mellom Kjørrefjord i Farsund og Risnes i Kvinesdal. Veglengda er 83,9 km.

Historikk endre

Fram til 2006 var strekninga mellom Hangelandsvika og Faret bru del av europaveg 39. Etter at den nye traseen til europaveg 39 vart opna vart den gamle strekninga mellom Rørvik og Faret bru nedgradert og er no del av fylkesveg 551.

24. november 2009 vart strekninga Hanesund-Sande (6,8 km) i Farsund kommune opna som ny veg. Byggearbeida starta hausten 2006. Den nye vegen er på 6,8 kilometer, inkludert Ravneheitunnelen på 3 340 meter. Tunnelen er den lengste vegtunnelen i Agder. I tillegg til vesentleg betre vegstandard, vil dette føre til ei innkorting av strekninga med fire kilometer og seks minuttar kortare reisetid på strekninga.

Ytterlegare ti kilometer veg mellom Sande og Ulland skal utbetrast innan 2012.

Det er venta ein trafikkauke frå 300 til drygt 1 000 køyretøy i døgnet når vegen er ferdig.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt endre

  Vest-Agder endre

Farsund
Kvinesdal
  • Fv551 frå Opofte til Fv653 Dragedal i Lyngdal
  • Fv551 frå Opofte til Faret bru i Kvinesdal
  •     Opofte, felles trasé til Hangelandsvika
 
Fedafjorden bru

Bakgrunnsstoff endre