Mount Birks
Mount Birks er eit kjenneleg, pyramideforma fjell, 1035 moh, ved nordsida av munningen av Cranebreen, på austkysten av Graham Land. I 1928 gav sir Hubert Wilkins namnet Mount Napier Birks, etter Napier Birks frå Adelaide i Australia, til to svarte fjelltoppar han observert og fotograferte frå lufta og som låg like nord for Crane Channel. Denne kysten vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947, men dei fann ikkje att det Wilkins kalla Mount Napier Birks. Sidan Crane Channel vart identifisert som Cranebreen, tilrådde United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1950 at namnet skulle kortast ned til Mount Birks, og overførast til dette fjellet som ligg like nord for isbreen.
Mount Birks | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Graham Land | ||
• høgd | 1 035 moh. | ||
- koordinatar | 65°18′S 62°10′W / 65.300°S 62.167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Birks 65°18′00″S 62°10′00″W / 65.3°S 62.1667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Birks» (innhald frå Geographic Names Information System).