Mount Durham
Mount Durham er eit stort sett isfritt fjell på 860 moh. i Antarktis, som ligg ved austsida av munningen av Scottbreen og markerer den nordvestlege delen av Tapley Mountains i Dronning Maudfjella. Det vart oppdaga i desember 1929 av den geologiske gruppa under Byrd-ekspedisjonen (ByrdAE) under Laurence Gould, og vart klatra i desember 1934 av geolog-gruppa under ByrdAE under Quin Blackburn. Fjellet vart namngjeve av Richard E. Byrd etter Durham i New Hampshire, der University of New Hampshire ligg, og som er heimstaden til Stuart D.L. Paine, som deltok i geolog-gruppa.[1]
Mount Durham | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjeder | Tapley Mountains | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 860 moh. | ||
- koordinatar | 85°33′S 151°12′W / 85.550°S 151.200°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Durham 85°33′S 151°12′W / 85.55°S 151.2°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Durham, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 17. oktober 2012.