Mount Flora
Mount Flora er eit fjell, 520 meter over havet, med ein dalbotn mot nordaust, som ligg 0,5 nautiske mil søraust for botnen av Hope Bay, nordaust på Den antarktiske halvøya. Det vart oppdaga av Den svenske antarktisekspedisjonen under Otto Nordenskjöld, 1901–04, og vart namngjeven av J. Gunnar Andersson, nestkommanderande på ekspedisjonen som oppdaga fossil av flora frå juratida i somme berglag i dette fjellet.[1]
Mount Flora | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Trinityhalvøya | ||
• høgd | 520 moh. | ||
- koordinatar | 63°25′S 57°1′W / 63.417°S 57.017°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Flora 63°25′03″S 57°01′38″W / 63.41762°S 57.02734°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Flora, Mount». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Flora, Mount» (innhald frå Geographic Names Information System).