Mount Larsen i Victoria Land

Mount Larsen er eit fjell, 1560 moh, med ei bratt nordside, 3 nautiske mil (6 km) sørvest for Hansen Nunatak ved sørsida av munningen av Reevesbreen i Victoria Land. Det vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) under Scott, som namngav det etter kaptein Carl Anton Larsen, ein norsk antarktisfarar som utforska austkysten av Den antarktiske halvøya i «Jason», 1892–93, noko som markerte starten på den kommersielle kvalfangsten i Antarktis. Larsen førte mange kvalfangstekspedisjonar fram til han døydde i desember 1925 medan han segla i Rosshavet.

Mount Larsen
fjell
Land  Antarktis
Topp Victoria Land
 •  høgd 1 560 moh.
 - koordinatar 74°51′S 162°12′E / 74.850°S 162.200°E / -74.850; 162.200
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Larsen
74°51′S 162°12′E / 74.85°S 162.2°E / -74.85; 162.2
Mount Larsen i Victoria Land is located in Antarktis
Mount Larsen i Victoria Land (Antarktis)

Bakgrunnsstoff

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Larsen i Victoria Land» (innhald frå Geographic Names Information System).