Mount Llano
Mount Llano er eit fjell (1930 moh) ved foten av Kronprins Olavfjella på Antarktis, som ligg 6 nautiske mil (11 km) nordaust for Mount Wade. Det vart kartlagd av den amerikanske kryssinga av Rossbarrieren (1957-58) under A.P. Crary og kalla opp etter George A. Llano, ein amerikansk biolog og ekspert på lav. Han var prosjektleiar for den biologiske og medisinske avdelinga til polaravdelinga hos National Science Foundation 1960-77 og var fleire år i Antarktis frå 1957-58.
Mount Llano | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Kronprins Olavfjella | ||
Topp | Ross Dependency | ||
• høgd | 1 930 moh. | ||
- koordinatar | 84°48′S 173°21′W / 84.800°S 173.350°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Llano 84°48′S 173°21′W / 84.8°S 173.35°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Llano» (innhald frå Geographic Names Information System).