Mount McIntosh
Mount McIntosh er eit fjell med ei høgd opp mot ca. 2600 moh. vest i Kyle Hills på Ross Island i Antarktis. Det ligg i nordvestenden av Lofty Promenade, 1,5 nautiske mil (2,8 km) aust for toppen av Mount Terror. Fjellet er kjenneleg på grunn av diagonale band av fjell og is på nordsida. Etter forslag for P.R. Kyle, vart det namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (2000) etter William C. McIntosh, ein geolog ved New Mexico Institute of Mining and Technology, som arbeidde mykje i Antarktis under United States Antarctic Program (USAP) og som undersøkte Mount Erebus. Han vitja Mount Erebus første gongen i 1977-78 og hadde minst 15 turar til Antarktis fram til 1999.
Mount McIntosh | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Ross Island | ||
• høgd | 2 600 moh. | ||
- koordinatar | 77°31′S 168°41′E / 77.517°S 168.683°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount McIntosh 77°31′00″S 168°41′00″E / 77.516666666667°S 168.68333333333°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount McIntosh» (innhald frå Geographic Names Information System).