Mount Mullen er eit fjell med to toppar 4 km aust-søraust for Mount Milton sør i Sentinel Range i Ellsworth Mountains i Antarktis. Det ligg ved vestenden av Petvar Heights og har ei høgd på 2400 moh og i lag med Kasilag Pass dannar det skiljet mellom Kornickerbreen og Wessbecherbreen.

Mount Mullen
fjell
Land  Antarktis
Fjellkjede Sentinel Range
Topp Ellsworth Land
 - koordinatar 78°46′55″S 84°45′44″W / 78.78194°S 84.76222°W / -78.78194; -84.76222
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Mount Mullen
78°46′55″S 84°45′44″W / 78.7819°S 84.7622°W / -78.7819; -84.7622
Mount Mullen is located in Antarktis
Mount Mullen (Antarktis)

Fjellet vart namngjeven av US-ACAN i 2006, etter Roy R. Mullen, ein tidlegare tilsett i USGS (1960–95, medsjef i National Mapping Division med ansvar for aktivitetar i Antarktis 1980–95, og USGS sin representant i SCAR).

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Mullen» (innhald frå Geographic Names Information System).