Ellsworth Mountains
Ellsworth Mountains er den høgaste fjellkjeda i Antarktis, og dannar ei 360 km lang og 48 km brei rekkje av fjell frå nord til sør på vestsida av Ronne isbrem.[1] Dei vert kryssa av Minnesotabreen som skil Sentinel Range i nord frå Heritage Range i sør. Førstnemnde er langt høgare og meir spektakulær med Vinson Massif på 4892 moh som det høgaste punktet på kontinentet.
Ellsworth Mountains | |||
fjellkjede | |||
Horseshoe Valley i Heritage Range
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 78°31′S 85°37′W / 78.517°S 85.617°W | ||
Høgaste punkt | Vinson Massif | ||
• høgd | 4 892 moh. | ||
- koordinatar | 78°31′32″S 85°37′02″W / 78.52556°S 85.61722°W | ||
Lengd | 360 km, nord-nordvest – sør-søraust | ||
Areal | 31 400 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Ellsworth Mountains 78°45′S 85°00′W / 78.75°S 85°W | |||
Sentinel Range, Ellsworth Mountains
| |||
Wikimedia Commons: Ellsworth Mountains |
Historie
endreFjella vart oppdaga den 23. november 1935 av Lincoln Ellsworth under ein flytur over Antarktis frå Dundee Island til Rossisen. Han gav fjellkjeda det skildrande namnet Sentinel Range.[1] Sentinel tyder «kjennemerke» eller «kjenneteikn» på engelsk.
Fjella vart kartlagde i detalj av USGS frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy, 1958-66. Då det vart klårt av fjella bestod av to fråskilde rekkjer, gav US-ACAN berre den høgare, nordlege delen av fjellkjeda namnet Sentinel Range og den sørlege delen namnet Heritage Range. I tillegg kalla komiteen heile fjellkjeda opp etter oppdagaren.[1]
Klima
endreTemperaturane i Ellsworth Mountains er i snitt kring -30 °C. Dei beste månadane for ekspedisjonar her er frå november til januar, då det er midtsommar på den sørlege halvkula. Ekspedisjonar hit er likevel vanskeleg og krav anten offentleg vitskapleg støtte eller store økonomiske ressursar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ellsworth Mountains» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Ellsworth Mountains». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.