Mount Ronne
Mount Ronne er eit markant, flatt fjell som stikk ut frå midten av austsida av Haines Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Fjellet vart truleg først observert på flyturar under Byrd-ekspedisjonen (1928–30). Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Martin Rønne som var seglmakar, skiinstruktør, hundeførar og is-los på Byrd-ekspedisjonen, og som hadde vore med på «Fram» under Sørpolekspedisjonen til Amundsen (1910–12).
Mount Ronne | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ford Ranges | ||
Topp | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 77°34′S 146°10′W / 77.567°S 146.167°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Mount Ronne 77°34′00″S 146°10′01″W / 77.5667°S 146.167°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Ronne» (innhald frå Geographic Names Information System).