Mount Roots er eit hovudsakleg snødekt fjellSør-Georgia, som ligg nær toppen av Nordenskjöldbreen, 6 km søraust for Mount Paget. Det vestlege fjellet har ei høgd på 2158 moh, og den austlege 2270 moh. Fjellet, som er det femte høgaste på øya, er eit markant landemerke og var truleg kjend for dei første sel- og kvalfangarane som kom til Sør-Georgia.

Mount Roots
fjell
Land Flag of South Georgia and the South Sandwich Islands.svg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane
Fjellkjede Allardyce Range
Topp Sør-Georgia
 - høgd 2 270 moh.
 - koordinatar 54°28′S 36°24′W
Lettast tilkomst Snø- og isklatring
Førstestiging Will Manners
 - dato januar 2001
Administrert under Antarktistraktaten
Location map South Georgia.png
Locator Red.svg

Det vart grovt kartlagd i perioden 1925-30 av mannskap på Discovery Investigations, og kartlagd på ny av South Georgia Survey (SGS), 1951-52. Det vart namngjeve av UK-APC etter James W. Roots frå SGS, 1951-52.

Britane Will Manners og Stuart MacDonald vart dei første som nådde toppen av fjellet, i januar 2001.

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mount Roots» (innhald frå Geographic Names Information System).