Moutonnee Lake
Moutonnee Lake er ein subglasial innsjø som ligg i Moutonnee Valley ved George VI-isen, 7 km sør for Ablation Point på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Innsjøen får store ismassar tilført frå den nærliggande George VI-isen i George VI Sound, slik at det ikkje er mogeleg med liv i innsjøen. Etter limnologiske studiar av British Antarctic Survey (BAS) frå 1971, fekk han dette namnet av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter at det vart funne rundsva ved breidda. Innsjøen har noko tilknyting til Ablation Lake og [[Hodgson Lakesidan alle ligg ved George VI-isen og tar imot store ismassar, som fyller heile innsjøen. Desse innsjøane ligg alle på austkysten av Aleksanderøya på vestsida av Palmer Land.
Moutonnee Lake | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Palmer Land | ||
- koordinatar | 70°52′S 68°20′W / 70.867°S 68.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Moutonnee Lake 70°52′00″S 68°20′00″W / 70.86666667°S 68.33333333°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Moutonnee Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).