Pianosonate i C-dur av Mozart

(Omdirigert frå Mozartiana)

Pianosonate nr. 16 i C-dur, med Köchel-nummer 545, er kanskje det best kjende slike verket av Wolfgang Amadeus Mozart. Sonaten blei skildra av komponisten sjølv som passande for amatørar, og han er også kjend under tilnamna sine, «Sonata facile» ('lett sonate') eller «Sonata semplice» ('enkel sonate').

Opningsnotene til pianosonata.
Allegro-satsen frå sonata.

Mozart skreiv inn verket i samlinga si den 26. juni 1788, same dagen som sin Symfoni nr. 39. Elles veit ein lite om kva tid og korleis sonaten blei til. Han blei ikkje gjeven ut medan Mozart levde, men kom først ut i noteform i 1805.

Oppbygging:

  • Første sats, allegro, har raskt tempo og går hovudsakleg i C-dur, som han byrjar og sluttar med.
  • Andre sats, andante, er roleg og flytande heile satsen gjennom. Han går i G-dur.
  • Trejde sats, rondo, er eit val som kan kallast «typisk Mozart». Dette blir rekna som den vanskelegaste satsen å spela. Også denne går i C-dur.