Ei mozartkule (tysk Mozartkugel) er ein sjokoladekonfekt opphavleg laga av konditoren Paul Fürst frå Salzburg i Austerrike i 1890. Han vart oppkalla etter Wolfgang Amadeus Mozart, som var fødd i Salzburg. Det opphavlege namnet på sjokoladekonfekten var Mozart bonbon.

Den opphavlege Mozartkule frå Fürst, legg merke til bilete av Mozart på staniolpapiret
Mozartkuler i ulike innpakning frå Salzburg

Opphav endre

I 1884 kom konditormeister Paul Fürst til Salzburg, der han opna eit konditori i Brodgasse nr. 13. I 1890 byrja han produsera konfektane som no er kjende som mozartkuler. Kulene vart raskt kopierte av andre konditorar i byen. Konditoriet Holzermayer und Schatz, som finst endå, selde rundt 1900 konfektkulene som «mozartkuler». Dette var eit namn som vart hengjande fast ved produktet.[1]

Produsentar av mozartkuler endre

Den gamle handverksmessige produksjonen av mozartkuler skjer i fleire konditori i Salzburg, som Konditorei Dallmann i St. Gilgen på Wolfgangssee, som òg produserer kuler handlaga etter den opphavlege oppskrifta.

Det finst ei rekkje industrielle produsentar av mozartkula som ikkje alle følgjer nøyaktig den opphavlege oppskrifta, men produserer ulike variantar. I selskapet Mirabell er mozartkulene grøne marsipankuler omgjeve av både ljos og mørk nougat. Frå andre produsentar er nougatkjernen på innsida, og marsipanen utanpå variantar med både ljos og mørk overtrekkssjokolade.

Dei to leiande industrielle produsentane er Paul Reber GmbH og Co. KG frå Bad Reichenhall i Bayern i Tyskland og Mirabell i Grödich i Salzburg, som er eit dotterselskap av Kraft Foods. I Wien finst produsentane Hofbauer, som har det sveitsiske selskapet Lindt & Sprüngli aom eigarar, og dessutan Manner som produserer «Victor Schmidt - Austria Mozartkugeln»

Kjelder endre

  1. Artikel i Salzburger Fenster (besøkt 26.07.2008)