Bad Reichenhall
Bad Reichenhall er ein by og ein kommune med 18 000 ibuarar i Berchtesgadener Land, søraust i Bayern i Tyskland. Flatevidda er 39,4 km². Elva Saalach renn gjennom kommunen. Byen ligg på ei slette 473 meter over havet, omkransa av over 1700 moh. høge fjelltoppar, mellom dei Hochstaufen. I nordaust delar kommunen grense med Austerrike. Til byen Salzburg er det ikring 20 kilometer.
Bad Reichenhall | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Bayern | ||
Del av | Stimmkreis Berchtesgadener Land | ||
Areal | 41,92 km² | ||
Folketal | 18 893 (31. desember 2022) | ||
Bad Reichenhall 47°43′29″N 12°52′37″E / 47.724722222222°N 12.876944444444°E | |||
Wikimedia Commons: Bad Reichenhall |
Bad Reichenhall er ein kurstad og eit senter for saltproduksjon, oppnådd ved å fordampe vann metta med salt frå saltlakedammar.
Skeiseløparen Anni Friesinger, skihopparane Michael Neumayer og Markus Eisenbichler er alle frå Bad Reichenhall.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bad Reichenhall» frå Wikipedia på tysk, den 6. november 2022.