Muckish
Muckish (irsk An Mhucais, som tyder «Griseryggen») er eit fjell i County Donegal i Republikken Irland. Det er ei karakteristisk fjell i Derryveaghfjella med flat topp. Med ei høgd på 666 meter over havet er fjellet det tredje høgaste i fjellkjeda, der Errigal er det høgaste. Muckish er òg det nordlegaste og det nest høgaste av fjellkjeda kalla Seven Sisters av dei lokale innbyggjarane (Muckish, Crocknalaragagh, Aghla Beg, Ardloughnabrackbaddy, Aghla More, Mackoght (òg kalla 'Litle Errigal') og Errigal).
Muckish | |||
fjell | |||
Muckish sett frå halvøya Horn Head
| |||
Land | Irland | ||
---|---|---|---|
Område | Donegal | ||
Fjellkjede | Derryveaghfjella | ||
Høgd | 666 moh. | ||
Koordinatar | 53°31′16″N 9°49′52″W / 53.52111°N 9.83111°W | ||
Muckish 55°06′20″N 7°59′40″W / 55.10555°N 7.9945222222222°W | |||
Wikimedia Commons: Muckish |
Før i tida vart det grave ut kvartssand av høg kvalitet i fjellsida. Sanden vart eksportert og hovudsakleg nytta til produksjon av optisk glas.
Falcarragh, Dunfanaghy og Creeslough er dei næraste byane til Muckish. På Falcarragh-sida ligg Mam Mucaise, Muckishdalen, der ein finn Droichead na Caointe («Sorgbrua»). Det var på denne brua av tusenvis av Cloughaneely-emigrantar sa farvell til familien sin.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muckish» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete frå sida av Muckish Arkivert 2018-04-20 ved Wayback Machine.