Mudder eller slam er ei type finkorna gjørme som er klebrig, sleip og glatt. Han er danna av vatn og partiklar i leir- og siltstorleik. Dei fleste korna er mindre enn 0,06 mm. Når mudderet tørkar kan det dannast eit fast sediment som kan herdne til mudder- eller slamstein.

Hus laga av tørka mudder

Kjelder endre

  • Bryhni, Inge. (14. februar 2009). Mudder. I Store norske leksikon. Henta 21. november 2013 frå http://snl.no/mudder.