Muhammad bin Tughlak

sultan av Dehli

Muhammad Tughlaq eller Muhammad bin Tughlak var sultan av Delhi frå 1325 til 1351. Han var eldsteson til Ghiyas-ud-Din Tughlak, grunnleggjaren av Tughlakdynastiet.

Muhammad bin Tughlak

Fødd1290
FødestadDelhi
Død20. mars 1351
DødsstadThatta, Sind
GravstadTughlaqabad Fort
DynastiTughlakdynastiet
FarGhiyasuddin Tughlak

Under regjeringstida til Muhammad var Delhisultanatet på høgda av makta si, med innverknad langt sørover på Deccanplatået. Det voldsame temperamentet og den særeigne leiarstilen hans var likevel tidleg årsak til opprør og uro i riket. Det mest alvorleg opprører fann stad i Vijayanagarriket i Sør-India. Då Muhammad døydde var det blitt grunnlag ein sjølvstendig muslimsk stat, Bahmani, i sør.

Kjelder

endre