Delhi (hindi दिल्ली dillī, urdu دِہلیdihlī) er ein storby og eit eige føderalt territorium i India. Delhi ligg på vestbreidda av Yamuna, 16 mil sør for Himalaya, og grensar til delstatane Uttar Pradesh i aust og Haryana i vest. Hovudstaden i landet, New Delhi, er ein del av territoriet. Den tidlegare hovudstaden Gamle Delhi ligg også i territoriet.

Delhi
दिल्ली
دِہلی
føderalt territorium
Symbol
Forkorting: IN-DL
Land  India
Del av Det nordindiske låglandet, Yamuna-Ganga Doab
Hovudstad New Delhi
Areal 1 484 km²
Folketal 26 495 000 (2016)[1]
Grunnlagd 1857
Språk engelsk, hindi, urdu, panjabi
Kart
Delhi
28°40′00″N 77°13′00″E / 28.666666666667°N 77.216666666667°E / 28.666666666667; 77.216666666667
Wikimedia Commons: Delhi

Territoriet omfattar hovudstaden og det kringliggande området, i alt 27 byar og over 200 landsbyar. I tidsrommet mellom 1991 og 2001 auka folketalet med 46 %. Fleirtalet av delhibuar, drøye 80 %, er hinduar. 7 % er sikhar og 6 % er muslimar.

Jama Masjid.

Historie

endre

Delhi har lenge vore ein viktig by i India. Sogar fortel at han blei grunnlagd av raja Dhilu, ein konge som herska på 100-talet f.Kr. og gav namnet sitt til byen.

Frå midten av 1000-talet var Delhi hovudstad for hinduherskarar, og frå 1206 for ulike muslimske fyrstehus, som Delhisultanatet. Mogulriket fekk kontroll over byen etter slaget ved Panipat i 1526, og stormogulen Humayun budde her. Etter han var mogulhovudstaden lenge i Agra, men etter at Sjah Jahan oppførte ny bymur blei hovudstaden lagt til Delhi igjen.

I 1739 blei Delhi plyndra av persiske generalen Nadir Sjah. Marathariket fekk herredøme over byen i 1752. Byen blei plyndra igjen i 1761 av den afghanske hærføraren Ahmed Shah Abdali. I 1803 overvann Det britiske austindiakompaniet marathaene, og tok kontroll over byen.

Delhi var no residens for stormogulen, som hadde lite makt. Ved det indiske opprøret i 1857 heldt opprørarane byen i fem månader, og stormogulen blei utropt til leiaren deira. Etter at britiske styrkar slo ned opprøret blei Delhi utsett for massakrar og fleire plyndringar. Stormogulen blei stilt for retten og forvist.

I 1912 blei Delhi den nye hovudstaden i Britisk India i staden for Calcutta (no Kolkata). Dei neste tiåra blei New Delhi bygd som ny residensby. Arkitekten Edwin Lutyens planla mykje av den nye byen.

Kjelder

endre
Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Census Profile, 2016 Census». Henta 22. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Delhi
  Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.