Muharraq guvernement
Muharraq guvernement (arabisk محافظة المحرق; Muhafazat al-Muharaq) er eit av fire guvernement i Bahrain. Det omfattar Muharraq by og øya Muharraq i tillegg til øyar utafor. Det omfattar også den tidlegare kommunen Al Hadd i den sørlege enden av øya.
Muharraq guvernement | |||
محافظة المحرق | |||
guvernement | |||
Land | Bahrain | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 26°15′N 50°37′E / 26.250°N 50.617°E | ||
Areal | 57 km² | ||
Folketal | 263 373 (2020) | ||
Guvernør | Salman Isa Bin Hindi | ||
Tidssone | Arabisk standardtid | ||
Muharraq guvernement 26°15′00″N 50°37′00″E / 26.25°N 50.616666666667°E | |||
Kart som viser Muharraq guvernement.
|
Sentrum av Muharraq består av somme av dei eldste bustadane i kongedømet, og mange er leigd ut av bahrainske eigarar til utanlandske arbeidarar. Her finst òg mange byggverk av historisk interesse, som Shaikh Isa bin Ali-huset, Siyadi-huset, vindtårna, og nabolaget til journalisten Abdullah Al Zayed, i tillegg til det imponerande Arad fort.
Staten har blitt skulda for å ikkje gje nok økonomisk støtte til gjenoppbygginga av desse historiske stadane og gjere dei til turistmål. I nyare år har staten likevel byrja å investere i vern av desse områda.[1]
Bahrain internasjonale lufthamn ligg i Muharraq.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Muharraq Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Although Muharraq has a lot to offer to tourists, how can we attract them if most of our traditional sites are in crowded areas», [1][daud lenkje]