Munthehuset
Munthehuset er namnet på det gamle stovehuset på storgarden Kroken i Luster. Staden har utsikt sørover mot Ornes og Urnes stavkyrkje.
Kroken gard
endreKroken gard var eit gamalt adelssete og ein av dei norske storgardane som er kjende frå mellomalderen. I 1764 overtok kaptein Gerhard Christofferson Munthe som eigar av garden, etter Theiste-slekta. Ytre Kroken vart i Munthe-ætta heilt fram til 1884.
Det var kaptein Gerhard Munthe som starta arbeidet med å byggje Munthehuset. Dette store herskapshuset fekk ved ei utviding i 1840-åra. På denne tida hadde garden fem stovehus, 17 uthus, eit par sagbruk ved Krokaelvi, samt og sjøbuer og kai.
Kultureliten i Munthehuset
endreMunthehuset spelte ei sentral rolle i den nasjonale historia første halvdel av 1800-talet. Huset i Luster var senter og møtestad for forskarar, geografar og for kultureliten under nasjonalromantikken. Tidemand og Gude teikna mest sannsynleg skisser til Brudeferden i Hardanger i Lustrafjorden.
Margrethe Munthe, mest kjend for sine barnesongar, og broren og målaren Gerhard Munthe, besøkte ofte onkelen sin her i Kroken. Kongesalen, eit av dagens soverom, har fått namnet sitt etter Oscar 2. og Carl 15. som begge overnatta her.
Husmorskule
endreI 1884 vart garden seld på auksjon, og hovedbruket vart kjøpt av læraren og kyrkjesongaren Mons Kinsedal. Han tok namnet Kroken etter garden, slik skikken var. Frå 1897 leigde han ut det store hovedhuset (no overdrege til Stiftelsen Munthehuset) til Nordre Bergenhus Amt sin amtskule for jenter, mest kjend som husstellskulen eller husmorskulen. Skulen heldt til i Kroken fram til dei flytta inn i nye lokale på Hafslo i 1957.
I dag er Munthehuset ope for omvising i sommarsesongen, og det er mogeleg å leige selskapslokale og overnatting.
Kjelder
endre- Kroken Gard Arkivert 2014-05-08 ved Wayback Machine.
- Munthehuset Arkivert 2007-11-20 ved Wayback Machine.
- Teiste-ætta kjem til Kroken NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
- Munthe-folket tek over i Kroken NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon
- Store Norske Leksikon: Kroken
- NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon: Kroken
- NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon: Husmorskulen i Kroken og på Hafslo
- Kvinnestemmer frå Sogn og Fjordane: Husmorskulen Arkivert 2014-07-16 ved Wayback Machine.
- Store Norske Leksikon: Gerhard Munthe