Murau er ein kommune i distriktet Murau i forbundslandet Steiermark i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 76,6 km² og i kring 3 600 ibuarar. Landsbyen ligg ved elva Mur i ein fjelldal, 829 meter over havet.

Murau

Enkelte vintrar på 1980-90-talet arrangerte Murau verdscuprenn i nordisk kombinert og i skihopping. Turisme, både sommar- og vinterturisme, spelar ei rolle for kommunen. Dei norske kombinertrennarane Hallstein Bøgseth og Fred Børre Lundberg har begge vunne verdscuptevlingar i Murau.

Kjelder endre