Moratsjøen

(Omdirigert frå Murtensee)

Moratsjøen, (fransk: Lac de Morat, tysk: Murtensee), er ein innsjø i det vestlege Sveits. Han ligg i og mellom kantonane Fribourg og Vaud. Fribourg omkrinsar nordaustdelen av innsjøen, Vaud den sørvestlege delen. Han er den minste av tre innsjøar i Seeland-området ved foten av Jurafjella.

Moratsjøen
Lac de Morat
Murtensee
innsjø
Land  Sveits
Tilsig Broye
Utløp Broye-kanalen
Nedslagsfelt 693 km² km²
Opphaldstid 1,6 år
Høgd over havet 429 moh.
Lengd 8,2 km
Breidd 2,8 km
Areal 22,8 km²
Største djupn 45 m
Volum 0,55 km³
Koordinatar 46°56′N 7°5′E / 46.933°N 7.083°E / 46.933; 7.083
Øyar La Grande Ile (holme)
Byar Murten
Kart
Moratsjøen
46°56′00″N 7°04′30″E / 46.933333333333°N 7.075°E / 46.933333333333; 7.075
Wikimedia Commons: Lake Murten

Moratsjøen har eit areal på 22,8 km². Han er 8,2 kilometer lang og 2,8 km på det breiaste. Innsjøen ligg 429 meter over havet, og er på det djupaste 45 meter. Elva Broye er hovudvasskjelda til innsjøen, medan Broyekanalen er avlaup til den nærliggande Neuchâtelsjøen, som ligg på same nivå. Neuchâtelsjøen er i sin tur knytt til Bielsjøen gjennom ein annan kanal. Slik fungerer dei tre innsjøane som flaumreservoar i høve til den store elva Aare, som renn ut i Bielsjøen.

Lac de Morat
Lac de Morat

Kjelder

endre