Musa Kusa
Musa Kusa (òg transibert som Mussa Kussa og Moussa Koussa, arabisk: موسى كوسا) (fødd 23. mars 1949) er ein libysk politikar og diplomat som var utanriksminister 2009-2011.
Musa Kusa | |||
| |||
Fødd | 23. mars 1949 (75 år) Tripoli | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Libya | ||
Yrke | diplomat, politikar | ||
Utdanna ved | Michigan State University | ||
Alle verv |
|
Kussa tenestegjorde 1980 som Libysk ambassadør i London, og han var etterretningssjef i Libya mellom 1994 og 2009. I mars 2009 etterfølgde han Abdel Rahman Shalgham som utanriksminister.[1] 30. mars reiste han til London via Tunisia, og meddelte at han ville hoppe av, sidan han ikkje lenger kunne stø regimet til Gadafi.[2]
Utdanning og arbeid
endreMussa Kussa tok på 1970-talet ein mastergrad i sosiologi ved Michigan State University i USA, før han reiste heim for å arbeide i heimlandet.[3] Han gjorde diplomatisk karriere og var de facto ambassadør i Storbritannia frå 1979 til 1980, då han vart utvist frå Storbritannia som følgje av ein kommentar om at to libyske dissidentar som budde i London ville bli drepne.[4]. Tilbake i Libya vart han etterkvart kjend som ein av dei næraste arbeidarane til Gadafi. Britiske styresmakter har mistenkt han for å ha spelt ei sentral rolle i planlegginga av åtaket på Lockerbie i 1988.[5]
Mussa Kussa vart utnemnd til utanriksminister 4. mars 2009. Han skal ha hatt ein sentral posisjon i den diplomatiske heilomvendinga Libya gjennomførte etter tusenårsskiftet, der regimet øydela dei kjemiske våpna sine og vart teke inn i varmen att av fleire vestlege land.