Den vesle brystmuskelen

(Omdirigert frå Musculus pectoralis minor)

Den vesle brystmuskelen (musculus pectoralis minor) er ein slank, triangulær muskel i den øvre delen av brystet, like bakom den store brystmuskelen. Den støyter ytterpunktet av skuldra nedover og dreg skulderbladet ned og framover mot brystet.

Den vesle brystmuskelen (raud).
Den vesle brystmuskelen (raud) og skulderbladet (blå).

Struktur

endre

Muskelen har utspring i øvre rand og ytre flate av tredje, fjerde og femte ribbein, nær ribbeinsbrusken, frå aponevrosane som dekker dei ytre mellomribbemusklane. Muskelfibrane passerer superiort og lateralt, og konvergerer i ei flat sene med feste i den mediale randen og øvre flata av ramnenebbet i skulderbladet.

Relasjon

endre

Muskelen er dekt på framsida, superfisielt, av ei tynn bindevevshinne, eller fascie, kalla det korakoklavikulære bandet. N. pectoralis medialis trengjer gjennom både muskelen og bindevevet.

Lymfeknutar i armhòla, aksillære lymfeknutar, er delt inn i høve til sine relative stoder til muskelen. Nivå I ligg lateralt, nivå II djupt og nivå III medialt til muskelen. Muskelen kløyver armhòlearterien i tre delar, men med motsett inndeling: første del ligg medialt, andre del djupt eller posteriort og tredje del lateralt til muskelen.

Variasjon

endre

Senefestet kan strekke over ravnenebbet til tuberculum majus i overarmsbeinet. Den kan vere kløyvd i fleire delar. Fråvær av muskelen er sjeldsynt, men kan førekoma ved somme uvanlege sjukdommar, til dømes ved Polands syndrom.

Funksjon

endre

Muskelen er ein depressor. Den trykker ned ytterpunktet av skuldra og dreg skulderbladet nedover og framover mot brystet, og skuv den nedre vinkelen av skulderbladet (angulus inferior scapulae) bakover.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den vesle brystmuskelen