Musekløver
Musekløver
Musekløver
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Erteblomordenen Fabales
Familie: Erteblomfamilien Fabaceae
Underfamilie: Faboideae
Stamme: Trifolieae
Slekt: Kløver Trifolium
Art: Musekløver T. dubium
Vitskapleg namn
Trifolium dubium

Musekløver (Trifolium dubium) er ein plante i erteblomfamilien. Den har liggjande eller opprett stengel, 3-4 mm lange øyreblad, jamnlange med bladskaftet. Musekløver har runde lysegule hovud på skaft lengre enn støttebladet.

Plant er vanleg i Europa. I Noreg finst den på tørre bakkar i kyst- og fjordstrøk frå ytre Oslofjorden til Hardanger og Bergen, og somme stader lenger nord til Kristiansund.[2] Musekløver blomstrar i juni.

Planta er den som vanlegvis blir rekna som shamrock, trekløveret som er eit nasjonalt symbol for Irland.

Kjelder endre

  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Andre utgåva. 1974. Oslo. Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0297-2.
Referansar
  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av musekløver Trifolium dubium for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 15. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 15. mars 2022. Henta 15. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre