Konsert er levande framføring av musikk for eit publikum. Ein eller fleire musikarar kan stå for framføring av ulike musikktypar på ei rekkje ulike stader, som i offentlege rom, ved private samkomer, i konsertsalar, serveringsstader, stadion og anna. Musikarane kan vera opphøgde på ei scene slik at publikum ser dei betre, og kan til dømes bruka forsterkar slik at musikken blir høgare.

Ein konsert måla av Lorenzo Costa ca. 1485-95.
Karikatur av collegium musicum i Basel frå 1790.
Dilshad Nahar Kona opptrer med farga lys og lett mikrofon i Dhaka i 2009.

Sjølve ordet «konsert» kjem frå latin concertare, 'tevle', gjennom italiensk og så fransk. Det viser til at ein solist eller ei gruppe «speler» mot resten av orkesteret.

Historie endre

Konserten er eit prinsipp som oppstod under barokken på 1500- og 1600-talet. To musikkformer som blir kalla «konsert» stammar frå denne tida:

På 1700-talet blei det stadig vanlegare å halda offentlege konsertar i Europa, og ein fekk fleire omreisande, kjende virtuosar der Mozart, Paganini og Liszt kan nemnast som dei fremste.

Det var blitt grunnlagd fleire musikkakademi og collegium musicum med faste konsertframføringar i Europa frå 1500-talet. Seinare blei det skipa orkester og ensemble som heldt konstertar med jamne mellomrom ei rekkje stader. Det blei bygd eigne konserthus med tilpassa plassar for framførarar og publikum.

I moderne tid har tekniske hjelpemiddel som konsertoverføring på radio og fjernsyn, lydforsterkarar og sceneshow med lyskastarar, tørris og mykje anna.

Konserttypar endre

Konsertar kan ha namn etter kor mange musikarar som framfører han, som solistkonsert for éin musikar eller trippelkonsert for tre.

Dei kan ha namn etter musikken som blir spelt, som klassisk konsert eller rockekonsert, eller instrumentet som speler ei hovudrolle, som fiolinkonsert eller klaverkonsert.

Dei kan også ha namn etter omgjevnadane dei blir framført i, som friluftskonsert, intimkonsert eller kyrkjekonsert, eller måten dei blir arrangert på, som abonnementkonsert eller gratiskonsert.

Ein debutkonsert er den første konserten til ein musikar eller eit ensemble, medan ein sleppfest eller releasekonsert er ein type konsert der ein artist eller ei gruppe framfører ny musikk i samband med utgjevinga av eit nytt musikkalbum.

Turnéar og festivalar endre

Musikarar kan reisa rundt til ulike stader og halda fleire konsertar over kort tid. Dette blir kalla ein turné. Internasjonalt kjende artistar kan vitja fleire land og verdsdelar i løpet av ein turné.

Musikkfestivalar og andre tilstellingar samlar fleire musikarar og lèt dei halda fleire konsertar samstundes eller etter kvarandre.

Publikum endre

 
Konsert i Berlin måla av Adolph Menzel i 1871. Publikum sit rundt bord og høyrer på.

Tilhøyrarar ved ein konsert kan stå eller sitja, på bakken, på stolrekkjer eller rundt bord. Ulike konserttypar har ulike normer for korleis publikum skal oppføra seg. Ved nokre er dei forventa å vera stille og lydhøyre, andre stader kan dei snakka, klappa, synga med eller dansa i lag med musikken.

Etter ein konsert er det vanleg å applaudera. Applausen kan omfatta klapping, plystring, hurrarop eller negativ piping, noko som også blir kalla ein «pipekonsert».

Kjelder endre