Musikkterapi kan som fagdisiplin forståast som eit felt som kartlegg samanhengar mellom musikk og helse på eit systematisk og vitskapleg vis. Ein person som arbeider med musikkterapi vert kalla musikkterapeut. Musikkterapeutar kan til dømes ha arbeid med menneske med psykisk utviklingshemning, med eldre menneske med demens, med psykiatriske pasientar, eller med kreftsjuke born. I Noreg kan ein studere musikkterapi både ved Norges musikkhøgskole og ved Universitetet i Bergen. Det finst ei eiga norsk interesseforeining for musikkterapi, Norsk Forening For Musikkterapi, som gjev ut tidsskriftet «Musikkterapi».

Bakgrunnsstoff

endre