Mylonitt
Mylonitt er ein bergart som består av fullt oppknuste og omkrystalliserte delar, danna ved intens deformasjon under plastiske tilhøve, gjerne knytte til overskyvningssoner i fjellkjeder og forkastninger. Mylonitter er finkornae, finstripete, båndete og stadvis småfoldede og fargerike. Nokre stader er dei såpass dekorative at dei kan bli utforma som smykkestein for brosjer og ringar. I sjeldne tilfelle kan friksjonsvarmen bli så høy under danninga, at det nedknuste materialen delvis smeltar. Med det oppstår smeltemylonitter (pseudotachylitter), som til forveksling kan likne magmatiske bergartar.
Kjelder
endre- Mylonitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/mylonitt.