Granat er ei gruppe silikatmineral som krystalliserer kubisk. Dei opptrer ofte i vene krystallformer.

Granat

Generelt
KategoriNesosilikat
Kjemisk formelDen generelle formelen X3Y2(SiO4)3
Identifikasjon
Fargenesten alle fargar, men blå er særs sjeldan
KrystallformRombisk dodekaeder eller kubisk
Krystallsystemisometrisk/kubisk rombisk dodekaeder, ikostetraeder
KløyvUtydeleg
Brotmuslig til ujamn
Mohs hardleiksskala6.5–7.5
Glansglasaktig til harpiksaktig
Spesifikk vekt3.1–4.3
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEnkelbrytande, stundom dobbeltbrytande[1]
Brytingsindeks1.72–1.94
Ultrafiolett fluorescensforskjellig
Andre eigenskaparforskjellig magnetisk tiltrekking

Alle granatar har den same kjemiske summeformelen X3Y2(SiO4)3, der X står for toverdige grunnstoff som kalsium, magnesium, mangan og jarn, medan Y står for treverdige grunnstoff, vesentleg aluminium, jarn og krom.

Granatar med sterke, vene fargar og høg glans vert ofte slipte og nytta som smykkesteinar. På grunn av hardleiken deira vert dei elles nytta som slipemiddel. Produksjon av granat for dette formålet fann tidlegare stad ved Kongsberg.

Av varietetar finn ein mellom anna hessonitt og melanitt.

Kjelder

endre
  • Raade, Gunnar. (9. november 2012). Granat. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
  1. Gemological Institute of America, GIA Gem Reference Guide 1995, ISBN 0-87311-019-6