Myrfiol (Viola palustris) er ein art i fiolfamilien og har ei sirkumboreal utbreiing. Planta er vanleg over heile Noreg og veks på fuktige stader både i låglandet og til fjells.

Myrfiol
Myrfiol
Myrfiol
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Vierordenen Malpighiales
Familie: Fiolfamilien Violaceae
Slekt: Fiolslekta Viola
Art: Myrfiol V. palustris
Vitskapleg namn
Viola palustris

Myrfiol er ein fleirårig urt med lange krypande jordstenglar. Blada sit samla i ein rosett. Bladskiva er glatt og nyreliknande utan tydeleg spiss. Blomstane står på 5-10 cm høge skaft direkte frå jordstilken og vert opp til 1,5 cm lange. Blomsterstilkane har to små bleike blad som sit fast ved eller nedom midten. Kronblada er bleikt gråfiolette med mørke årar. To av kronblad peikar opp, dei tre andre nedover. Frukta er ein glatt og noko trekanta kapsel som sit på eit oppoverretta skaft. Kapselen opnar seg eksplosjonsaktig. Myrfiolen blomstrar i mai-juni i låglandet, til fjells i juni-juli.

Kjelder

endre
  • Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.

Bakgrunnsstoff

endre