Myrhorod
Myrhorod (ukrainsk Миргород) er ein by i Poltava oblast (provins) sentralt i Ukraina. Han er det administrative senteret i Myrhorodskyj rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Han ligg ved elva Khorol.
Myrhorod | |||
Миргород | |||
by | |||
Hotel Myrhorod
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
oblast | Poltava oblast | ||
rajon | Myrhorodsky rajon | ||
Høgd | 105 moh. | ||
Koordinatar | 49°58′N 33°36′E / 49.967°N 33.600°E | ||
Areal | 20 km² | ||
Folketal | 42 011 (2005) | ||
Folketettleik | 2 101 / km² | ||
Først nemnd | 1575 | ||
Myrhorod 49°57′50″N 33°36′45″E / 49.963979122963°N 33.612380907578°E | |||
Kart som viser Myrhorod.
| |||
Wikimedia Commons: Myrhorod | |||
Nettstad: http://www.myrgorod.pl.ua |
Byen har ei historie som går attende til 1100- eller 1200-talet som eit austleg grensefort i Kiev-riket. Namnet på byen tyder Fredsbyen, og visstnok var det fredsforhandlingar i fortet som var opphav til bynamnet.
Myrhorod vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1575 då kong Stefan Bathory av Polen gjorde han til regimentby.
Sidan byrjinga av 1900-talet har Myrhorod vore kjend som ein kurstad med mineralvatn frå undergrunnskjelder i nærleiken av byen. Ein har henta opp dette økologisk reine vatnet sidan 1927 for kommersiell bruk.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Myrhorod» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2012.