Nålkapselmosar
Nålkapselmosar er små, thallause, eittårige landplanter. Eit særtrekk ved nålkapselmosar er at dei berre har éin stor kloroplast per celle.
Nålkapselmosar | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Nålkapselmosar Anthocerotophyta Stotler & Crand.-Stotl., 1977 |
Nålkapselmosane er den gruppa landplanter som har mest dominerande fellestrekk med algane. Tidlegare vart bladmosar, levermosar og nålkapselmosar samanfatta som mosar. I dag veit ein at ei slik gruppe er kunstig, mellom anna fordi bladmosar er søstergruppe til karplantene.
I Noreg finn ein to artar, gulnål (Phaeoceros carolinianus) og svartnål (Anthoceros agrestis). Begge desse artane veks på opa mark i Sør-Noreg, og er sjeldsynte. Desse er derfor på den nasjonale raudlista. Det finst totalt i verda ca. 80 artar, fordelte på seks til elleve slekter, avhengig av slektsoppfattninga.[1]
Kjelder
endre- ↑ Kompendium Landplanter 1: Mosene (Solstad, Økland, Nordal), Botanisk Museum & Biologisk Institutt, Universitetet i Oslo, 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Nålkapselmosar» frå Wikipedia på bokmål, den 25. oktober 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Nålkapselmosar hos Artsdatabanken
- (en) Nålkapselmosar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Nålkapselmosar i Encyclopedia of Life
- (en) Nålkapselmosar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Nålkapselmosar hos Dyntaxa
- (en) Nålkapselmosar hos ITIS
- (en) Nålkapselmosar hos NCBI
- (en) Nålkapselmosar hos Tropicos
- (en) Kategori:Anthocerotophyta – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anthocerotophyta – detaljert informasjon på Wikispecies