Nærsjakk er eit omgrep som blir nytta om sjakk som blir spela over bordet, det vil seie at spelarane sit ved same sjakkbrettet samtidig.

Nærsjakk er den tradisjonelle forma for sjakk. Måleri av Sofonisba Anguissola frå 1555.

Nærsjakk blir brukt som motsetning til fjernsjakk, der det er avstand mellom spelarane, og dei er avhengige av ulike former for kommunikasjon. Det karakteristiske ved fjernsjakk er elles at spelarane for det meste har langt betre tid til rådvelde enn i nærsjakk. Vanleg tenketid i fjernsjakk er gjerne 3 dagar per trekk i gjennomsnitt, til dømes 10 trekk på 30 dagar.

Tenketida er karakteristisk for nærsjakk endre

 
Nærsjakk under ei sjakkturnering.

Nærsjakk blir spela i sjakkturneringar med alle moglege variantar av tenketid, som lynsjakk og hurtigsjakk, og med det som blir rekna som full tenketid – frå 1 time pr spelar på heile partiet og oppover til det som no vanlegvis er det maksimale, såkalla klassisk tenketid: 2 timar på 40 trekk, 1 time på 20 trekk og 30 minutt på resten av partiet for kvar av spelarane. Med denne tenketida varer eit nærsjakkparti maksimalt 7 timar – dei fleste partia er i praksis ferdige før det har gått 4 timar.

Eit nærsjakkparti blir såleis ferdig i løpet av nokre minutt (i lynsjakk) til i løpet av 4-7 timar for dei mest seriøse turneringane. Medan eit fjernsjakkparti kan vare ta frå fleire veker og til opptil fleire år, alt etter turneringsform og om trekka blir formidla via ein dataserver på nettet, eller via brev til spelarar i ulike land.

Andre forskjellar mellom nærsjakk og fjernsjakk endre

Nærsjakk er ulikt fjernsjakk på fleire måtar. I nærsjakk blir det vanlegvis spela berre ein mot ein, når ein ser bort frå simultan-oppvisningar. I fjernsjakk har spelarane oftast mange parti i gang samtidig, og deltar gjerne i fleire turneringar samtidig også. Somme fjernsjakk-spelarar kan ha meir enn hundre sjakkparti i gang samtidig.

I vanlege turneringar i nærsjakk er det forbode for spelarane å bruke noko slags hjelpemiddel. I fjernsjakk har spelarane no vanlegvis høve til å bruke hjelpemiddel som sjakkbøker, databaser og sjakkprogram.

Nærsjakk også ved geografisk avstand endre

Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.

Til dømes har ein del lagkampar i sjakk blitt spela ved at trekka har blitt overført over telefon, eller dei siste åra via datamaskiner på dei to spelestadane. Spelarane på begge laga sit då med kvar si sjakklokke, og har vanleg tenketid for nærsjakk - for eksempel 2 timar på dei første 40 trekka og 1 time på resten av partiet for kvar av spelarane. Ein syter då for at det er hjelparar og turneringsleiarar begge stader, som ordnar med å få utført trekka på brettet og kontrollere at alt går rett for seg.

I 1965 fekk Stormeister og seinare verdsmeister i sjakk Bobby Fischer frå USA ikkje løyve til å dra til Cuba for å delta i ei sjakkturnering. Løysinga vart då at han spelte turneringa frå New York, og at trekka vart overført per teleks.