Fjernsjakk er sjakk som blir spela over avstand med ulike former for kommunikasjon.

Sovjetisk postkort for fjernsjakkspel.

Dette har tradisjonelt skjedd som postsjakk, med brev eller postkort. Dei siste åra har fjernsjakk i stor grad i staden blitt spela ved å bruke ei fjernsjakk-datamaskin til å kommunisere trekka, og til ei viss grad også ved ebrev.

Fjernsjakk har elles blitt spela ved bruk av dei fleste former for kommunikasjon, frå telegraf på 1800-talet, til seinare telefon, teleks og telefaks. Brevduer skal også ha blitt brukt.

Fjernsjakk står i motsetnad til nærsjakk, der spelarane sit ved eit sjakkbrett samtidig. Det blir også rekna som nærsjakk viss spelarane ikkje sit på same stad, men der trekka blir overført fortløpande, slik at partiet blir avvikla innanfor vanlege rammer for tenketid for nærsjakk.

Særtrekk ved fjernsjakk endre

Det karakteristiske ved fjernsjakk er såleis både den geografiske avstanden mellom spelarane, og at det blir spela med mykje lenger tenketid enn nærsjakk. Tenketida kan variere etter kva som blir avtalt mellom spelarane, eller bestemt for den einskilde turneringa, men har tradisjonelt vore f eks 30 dagar på 10 trekk. Eit fjernsjakk-parti kan såleis vare frå nokre dagar, når det blir spela via ei datamaskin på nettet, eller via ebrev. Og det kan ta opptil fleire år når det blir spela via post mellom spelarar i ulike land.

Fjernsjakk er ulik nærsjakk på fleire måtar. I nærsjakk blir det vanlegvis spela berre ein mot ein, når ein ser bort frå simultan-oppvisningar. I fjernsjakk har spelarane oftast mange parti i gang samtidig, og deltar gjerne i fleire turneringar samtidig også. Somme fjernsjakk-spelarar kan ha meir enn hundre sjakkparti i gang samtidig.

Tenketida i fjernsjakk er vanlegvis mellom 30 og 60 dagar for 10 trekk, med tillegg for tid for postgangen i postsjakk. Dette gjer det mogleg for spelarane å arbeide grundigare med partia, noko som gjer at spelarane sjeldnare gjer grove feil. I fjernsjakk har spelarane no vanlegvis høve til å bruke hjelpemiddel som sjakkbøker, databaser og sjakkprogram. Men det blir også arrangert turneringar der spelarane forpliktar seg til ikkje å bruke hjelpemiddel, typisk så som sjakkprogram.

Hjelp frå datamaskiner endre

Dei siste åra har det kome manga og sterke sjakkprogram, noko som har endra den tradisjonelle fjernsjakken. No trengst det ikkje berre kunnskapar om sjakk, og evne til å analysere sjakk, men det krevst i tillegg ei evne til å kunne bruke sjakkprogram og dei analysane som programma leverer. Då alle spelarar no har tilgang til dei sterkaste sjakkprogramma, så vil også spelarar med begrensa eigen spelestyrke bli i stand til å levere jamnt svært gode trekk. Dette gjer at det no er mindre avstand i resultata enn tidlegare mellom nybegynnar og meisterspelar i fjernsjakk.

Problemet blir då: Er ein menneskeleg meisterspelar pluss maskin noko særleg betre enn ein nybegynnar som berre leverer dei trekka som maskina foreslår? Til no synest dei sterkaste spelarane å ha eit overtak uansett, men sjakkprogramma blir betre for kvart år.

Organisert fjernsjakk endre

Fjernsjakk-turneringar blir arrangert av ulike organisajonar, både nasjonale og internasjonale. Den viktigaste er International Correspondence Chess Federation (ICCF). ICCF samarbeider med verdssjakkforbundet FIDE. I Noreg blir fjernsjakk organisert av Norges Fjernsjakkforbund.

ICCF tildelar titlane Internasjonal meister i fjernsjakk (IM), Senior Internasjonal Meister i fjernsjakk (SIM) og Stormeister i fjernsjakk. Desse titlane tilsvarar dei titlane som Verdssjakkforbundet FIDE delar ut for nærsjakk.

ICCF arrangerer også VM i fjernsjakk. Fordi desse turneringane går over lang tid, kan dei overlappe kvarandre: I februar 2005 var Joop van Oosterom erklært som vinnar av det 18. VM i fjernsjakk, som starta i juni 2003. Medan ein måtte vente til januar 2006 før det var klart at nordmannen Ivar Bern hadde vunne det 17. VM i fjernsjakk, som starta i mars 2002.

Ulike former for fjernsjakk endre

I praksis er det no hovudsakleg tre former for fjernsjakk, der nett-basert fjernsjakk mot ei datamaskin etter kvart synest å ta meir og meir over.

Fjernsjakk via datamaskiner på nettet endre

Fjernsjakk-datamaskiner på nettet tar imot trekka frå spelarane, antan etter pålogging, eller for så vidt på kva vis om helst. Datamaskina lagrar trekka og partia i ei database, og motstandaren kan hente ut det nye trekket, og deretter legge inn sitt svar.

Ebrev-basert fjernsjakk endre

Dette synest å vere på veg ut - mellom anna pga. problem med spam og virus.

Postsjakk endre

Det er framleis høve til å spele tradisjonell postsjakk, og det blir framleis arrangert turneringar der spelarane sender trekka pr post.

Nærsjakk-spelarar som har spelt fjernsjakk endre

I våre dagar er dei fleste sterke fjernsjakk-spelarane spesialistar i denne greina av sjakkspeling. Men særleg i tidlegare tider var det mange sterke nærsjakk-spelarar som også spelte postsjakk.

Olga Rubtsova vann både det vanlege nærsjakk-VM for kvinner, og postsjakk-VM. 3 postsjakk-verdsmeistrar var stormeister i nærsjakk: Jakov Estrin, Alberic O'Kelly de Galway og Viacheslav Ragozin. Tre postsjakk-verdsmeistrar var Internasjonale Meistrar i nærsjakk: C.J.S. Purdy, Mikhail Umansky og Ivar Bern. Spelarar som har mottatt stormeister-tittelen i begge disiplinar er spelarar som Ulf Andersson, Igor Bondarevsky, Aivars Gipslis, Curt Hansen, Jonny Hector, Jānis Klovāns, Olita Rause(WGM), Lothar Schmid og Duncan Suttles. Fjernsjakk-stormeistrane Janos Balogh, Olaf Barda, Jean Hebert, Jonathan Penrose og Richard Polaczek var også Internasjonale Meistrar i nærsjakk, og nærsjakk-stormeister Alexander Tolush var fjernsjakk-IM. Paul Keres, Estland, ein av dei aller sterkaste nærsjakk-spelarene gjennom tidene, spelte mange postsjakk-parti då han var ung. Verdsmeistrane i nærsjakk Alexander Alekhine og Max Euwe er også kjende for å ha spelt ein del postsjakk-parti. Ulf Andersson var rangert mellom dei første 100 på verdssjakkforbundet si ratingliste for juni 2002, samtidig som han var rangert som nr 2 på ICCF si ratingliste.

Verdsmeistrar i fjernsjakk (ICCF) endre

Årstala under er tida dei ulike VM-finalane vart spela.

Menn endre

# År Vinnar Nasjonalitet
01. 1950-1953 Cecil John Seddon Purdy   Australia
02. 1956-1959 Vjatsjeslav Ragozin   Sovjetunionen
03. 1959-1962 Albéric O'Kelly de Galway   Belgia
04. 1962-1965 Vladimir Zagorovskij   Sovjetunionen
05. 1965-1968 Hans Berliner   USA
06. 1968-1971 Horst Rittner   Aust Tyskland
07. 1972-1976 Jakov Estrin   Sovjetunionen
08. 1975-1980 Jørn Sloth   Danmark
09. 1977-1983 Tõnu Õim   Sovjetunionen
10. 1978-1984 Victor Palciauskas   USA
11. 1983-1989 Friedrich Baumbach   Aust Tyskland
12. 1984-1991 Grigorij Sanakojev   Russland
13. 1989-1998 Mikhail Umanskij   Russland
14. 1994-2000 Tõnu Õim   Estland
15. 1996-2002 Gert Jan Timmerman   Nederland
16. 1999-2004 Tunç Hamarat   Austerrike
17. 2002-2007 Ivar Bern   Noreg
18. 2003-2005 Joop van Oosterom   Nederland
19. 2004-2007 Christophe Léotard   Frankrike
20. 2004-2011 Pertti Lehikoinen   Finland
21. 2005-2007 Joop van Oosterom   Nederland
22. 2007-2010 Aleksandr Dronov   Russland
23. 2007-2010 Ulrich Stephan   Tyskland
24. 2009-2011 Marjan Semri   Slovenia
25. 2009-2013 Fabio Finocchiaro   Italia
26. 2010-2014 Ron Langeveld   Nederland
27. 2011-2014 Aleksandr Dronov   Russland
28. 2013-2016 Leonardo Ljubicic   Kroatia
29. 2015-2018 Aleksandr Dronov   Russland
30. 2017-2019 Andrej Kotsjemasov   Russland
31. 2019-2022 Fabian Stanach
Christian Muck
Ron Langeveld
  Polen
  Austerrike
  Nederland
32. 2020-2022 Jon Edwards   USA

Kvinner endre

# År Meister Nasjonalitet
1 1968-1972 Olga Rubtsova   Sovjetunionen
2 1972-1977 Lora Jakovleva   Sovjetunionen
3 1978-1984 Ljuba Kristol   Israel
4 1984-1992 Ljudmila Belavenets   Sovjetunionen
5 1993-1998 Ljuba Kristol   Israel
6 2000-2005 Alessandra Riegler   Italia
7 2002-2006 Olga Sukhareva   Russland
8 2007-2010 Olga Sukhareva   Russland
9 2011-2014 Irina Perevjortkina   Russland
10 2014-2017 Irina Perevjortkina   Russland
11 2017-2020 Irina Perevjortkina   Russland
12 2020-2023 Irina Perevjortkina   Russland

Verdscupen ICCF endre

# År Vinnar Nasjonalitet
01. 1973-1977 Karl Maeder   Aust Tyskland
02. 1977-1983 Gennadij Nesis   Sovjetunionen
03. 1981-1986 Nikolaj Rabinovitsj   Sovjetunionen
04. 1984-1989 Albert Popov   Sovjetunionen
5-A 1987-1994 Oleksandr Frolov   Ukraina
5-B 1987-1994 Gert Timmerman   Nederland
06. 1994-1999 Olita Rause   Latvia
07. 1994-2001 Oleksij Lepikhov   Ukraina
08. 1998-2002 Horst Staudler   Tyskland
09. 1998-2001 Edgar Prang   Tyskland
10. 2001-2004 Frank Schroder   Tyskland
11. 2008-2011 Reinhard Moll   Tyskland
12-E 2005-2007 Reinhard Moll  Tyskland
12-P 2009-2013 Matthias Gleichmann   Tyskland
13. 2009-2012 Reinhard Moll   Tyskland
14. 2009-2012 Reinhard Moll   Tyskland
15. 2012-2015 Klemen Sivic   Slovenia
16. 2013-2016 Uwe Nogga   Tyskland
17. 2014-2017 Matthias Gleichmann   Tyskland
18. 2015-2019 Stefan Ulbig
Reinhard Moll
  Tyskland
  Tyskland
19. 2014-2016 Thomas Herfuth   Tyskland
20. 2017-2020 Sergej Kisjkin   Russland
21. 2019-2021 Matthias Gleichmann   Tyskland
22. 2021-2023 Dmitrij Morozov
Matthias Gleichmann
  Russland
  Tyskland

Veteranverdscupen ICCF endre

# År Vinnar Nasjonalitet
01. 2009-2011 Rob Kruis   Nederland
02. 2013-2014 Vladimir Sergejev   Russland
03. 2014-2016 Frits Bleker   Hellas
04. 2015-2017 Reinhard Sikorsky   Tyskland
05. 2016-2017 Ralf Neubauer   Tyskland
06. 2017-2019 Mattia Boccia   Italia
07. 2018-2020 Sergey Novikov   Russland
08. 2019-2021 Guy van Habberney   Belgia
09. 2020-2022 Jean Claude Schuller   Luxembourg
10. 2021-2023 Gediminas Voveris   Litauen