Níkea
Níkea Lokalt namn Νίκαια | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Attikí |
Koordinatar | 37°58′N 23°38′E / 37.967°N 23.633°E
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining Kommune |
Attikí Pireus Níkea-Ájos Ioánnis Réndis |
Hovudsete | Níkea (88 077 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 88 077 (2021[1])
|
Níkea (gresk Νίκαια), òg skrive Nikaia, er ein tidlegare kommune i storbyområdet til Aten i Hellas. I dag er han ein del av kommunen Níkea-Ájos Ioánnis Réndis i periferieininga Pireus i periferien Attikí.[2] Fjellet Egáleo ligg i nord. Níkea ligg om lag 8 km sørvest for sentrum av Aten og 4 km nordaust for sentrum av Pireus.
Níkea utgjorde tidlegare jordbruksområde, og den urbane utviklinga erstatta mykje av desse områda mellom 1930- og 1950-åra. Mange flyktningar kom til byen etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 og i dag er dei fleste områda stort sett urbanisert. Berre lengst nord ved fjellet Egáleo finn ein meir steinete landskap.
Kjelder
endre- ↑ Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
- Denne artikkelen bygger på «Nikaia, Attica» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2007.