Nøytron-chopper
Ein nøytron-chopper er eit apparat for å stoppe nøytronstrålar. Han består vanlegvis av ein sylinder som det går kanalar gjennom og er laga av eit stoff med stor stoppeevne for nøytron. Når chopperen roterer med ein viss frekvens, slepp berre nøytron med ein viss snøggleik gjennom kanalane, og apparatet tener dermed òg som eit snøggleiksfilter.
Kjelder
endre- «chopper – fysikk» i Store norske leksikon, snl.no.