NGC 1300
NGC 1300 er ein stavspiralgalakse som ligg rundt 69 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Floda. Han er rekna for å vera prototypisk for stavspiralgalaksane. Galaksekjernen til NGC 1300 har sin eigen spiralstruktur omtrent 3300 lysår lang. Berre veldefinerte stavspiralgalaksar, slik som NGC 1300, ser ut til å ha slike.
NGC 1300 | |||
Hubble-bilete av NGC 1300 | |||
Observasjonsdata (epoke J2000) | |||
---|---|---|---|
Stjernebilete | Floda | ||
Rektasensjon | 03t 19m 40,80s[1] | ||
Deklinasjon | -19° 24′ 40,0″[1] | ||
Avstand | 69 millionar lysår | ||
Type | stavspiralgalakse | ||
Serskilde trekk | veldefinert stavspiralgalakse | ||
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen baserer seg på pressemelding STScI-2005-01 frå Space Telescope Science Institute.