Deklinasjon

Deklinasjon er ein av koordinatane for himmelobjekt, gjeve som vinkelavstanden frå himmelekvator og forkorta til DEC (symbol δ). Deklinasjonen vert vanlegvis gjeven i grader, minutt og sekund. I dette systemet er det nordlege polpunktet på +90°, himmelekvator på 0° og himmelens sørpol -90°. Deklinasjonen kan kombinerast med rektasensjon for å definere posisjonar på himmelkvelvingen

Rektasensjon og deklinasjon som sett frå innsida av ei himmelkule. Hovudretninga til systemet er vårjamdøger, den oppstigande knuten i ekliptikken (raud) på himmelekvator (blå). Deklinasjonen vert målt nordover eller sørover frå himmelekvator, langs timesirkelen som passerer gjennom punktet det er snakk om.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra