NK 1637-1638

NK 1637-1638 er to frimerke utgjevne i 21. februar 2007. Frimerka hadde verdiar høvelege for frankering av brevpost på 20-50 g og 100-350 g innan Noreg.

Frimerka viser eit piggsvin, etter foto av Baard Næss, og eit ekorn, etter foto av Erlend Haarberg. Inger Sandved Anfinsen har stått for den kunstnariske utforminga av frimerka.

Frimerka har den nynorske namneforma Noreg.

  • NK1637 12 kr fleirfarga (piggsvin)
  • NK1638 22 kr fleirfarga (ekorn)

KjelderEndra