NM i turn 1969 for kvinner
Noregsmeisterskapen i turn 1969 for kvinner vart arrangert på Eidsvoll i Akershus helga 29.–30. november. Deltakarane tevla i åttekamp, med både obligatoriske og sjølvvalde program i dei fire øvingane: bom, frittståande, hopp og skranke.
Åttekamp
endrePlass | Utøvar | Lag | Poeng |
---|---|---|---|
Unni Holmen | Oslo Turnforening | 71,50 | |
Helga Braathen | Njård | 70,85 | |
Wenche Sjong | Njård | 67,80 | |
4. | Lillian Kristoffersen | Njård | 62,35 |
5. | Bente Hansen | Hermes | 60,35 |
6. | Ann Helen Bjørnstad | Hermes | 67,85 |
Unni Holmen vann både frittståande og skranke, medan Helga Braathen var best i bom. I hopp-øvinga delte Holmen og Braathen sigeren.