National Oceanic and Atmospheric Administration
(Omdirigert frå NOAA)
National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er eit vitskapleg byrå i det amerikanske Handelsdepartementet fokusert på tilhøva i havet og atmosfæren. NOAA sender ut åtvaringar om uvêr, kartlegging av hav og himmel, retningslinjer for bruk og vern av ressursar ved kysten og på havet, og forsking for å betre forstå miljøet. I tillegg til dei sivilt tilsette, har forskingsavdelinga til NOAA 300 uniformerte tenestemenn som utgjer NOAA Corps.
NOAA har fem vitskapelege direktorat:
- National Ocean Service- Nasjonal havteneste
- National Marine Fisheries Service - Nasjonal fiskeriteneste
- National Weather Service - Nasjonalt vêrteneste
- National Environmental Satellite, Data and Information Service - Nasjonale tenester for miljøsatellittar, data og informasjon
- Office of Oceanic and Atmospheric Research - Forsking på hav og atmosfære
Dei vitskaplege direktorata vert tent av fleire stabskontor, samt NOAA-korpset (NOAA Commissioned Corps), eit paramilitært offiserkorps som handsamar skip, fly og helikopter, og tenestegjer i vitskaplege og administrative stillingar.
Bakgrunnsstoff
endre- www.noaa.gov — heimeside
- www.nws.noaa.gov — National Weather Service
- oceanservice.noaa.gov — National Ocean Service (NOS)
- www.nesdis.noaa.gov — National Environmental Satellite, Data, and Information Service (NESDIS)
- www.oar.noaa.gov — Office of Oceanic and Atmospheric Research
- Sea Flags: National Oceanic and Atmospheric Administration Arkivert 2008-12-24 ved Wayback Machine.