Norsk raudt fe

(Omdirigert frå NRF)

Norsk raudt fe (NRF) er den mest utbreidde storferasen i Noreg, og vert nytta både til kjøt- og mjølkeproduksjon. Rasen har vekt internasjonal interesse på grunn av gode genetiske eigenskapar. Det finst ca. 280 000 kyr av denne rasen i Noreg.[1]

Ku av norsk raudt fe, dotter av 10579 Eggtroen.
Okse av norskt raudt fe.
Foto: Knut E. Haug

Norsk raudt fe kan vere svarte, svart-kvite, raude eller raud-kvite.[2] NRF er ein høgtytande kurase, og mjølker tre gonger så mykje som den norske gjennomsnittskua på 1930-talet.[3]

Historie endre

Arbeidet med å avle fram ein ny kurase begynte i 1930-åra. NRF er utvikla på grunnlag av norske rasar, med innkryssingar av hedemarksfe, sør- og vestlandsfe, dølafe, telemarksfe, raudt trønderfe og sidan trønderfe, austlandsk raudkollefe, nordlandsfe og målselvfe, så vel som importerte rasar som ayrshirefe, svensk raud og kvit buskap (SRB) og holstein-frisisk fe.[2]

Oksestasjonane (seminstasjonane) for NRF ligg på Stange og ved Trondheim. 95 prosent av all storfeavl i Noreg vert i dag gjort med NRF-sæd. NRF-sæd vert eksportert til meir enn 20 ulike land.[4]

Norsk raudt fe har vorte avla fram på bakgrunn av innsamla informasjon frå Husdyrkontrollen, som ein del av den sosialdemokratiske jordbrukspolitikken i Noreg. Einskilde hevdar at kurasen er eit døme på industrialiseringa av jordbruket, og i dei seinare åra har dei opphavlege norske kurasane fått ein ny popularitet.

Kjelder endre

Fotnotar endre