Nadela
Nadela eller Nadel (serbisk Надела eller Надел) er eit system av kanalar og elvar nord i Serbia, og ei 81 km lang sideelv til Donau frå høgre i regionen Banat i provinsen Vojvodina.
Nadela (Надела) | |||
elv | |||
Land | Serbia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 81 km | ||
Kjelde | Donau-Tisa-Donau-kanalen ved Botoš | ||
Munning | Donau ved Ivanovo | ||
Nadela 44°42′29″N 20°42′06″E / 44.707965°N 20.70156°E | |||
Wikimedia Commons: Nadela |
Nadela spring ut frå sluseporten Botoš der elva Tamiš kryssar Donau-Tisa-Donau-kanalen i ei høgd på 73 meter. Dette er berre den første av mange sluser langs elva. Fram til Debeljača renn Nadela som ei naturleg elv, men etter Debeljača-dammen, som vert nytta til vatning, er elva mindre vassrik og er meir for ei lita elv eller bekk å rekne. Nadela munnar ut i Donau og dannar ei ei lita øy, Ivanovo Ostrvo, her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nadela» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2009.